[email protected]


Logo
Bli medlem
JuJitsu

HIL trenarteamet for komande sesong

Forfatter: .

20. november 2024

Fotball
Nyheiter
News article image

Tysdag kveld var spelargruppa samla der trenarteamet for komande sesong vart presentert. Kenneth Nydahl held fram som hovudtrenar for Hovdebygda. Klubben vil halde fram med lag i 4. divisjon og 6. divisjon.

Thomas Ryste vil vere trenar og ha ansvaret for kondisjon, motivasjon og oppfølging. Stig Amdam er trenar med ansvar for analyse, dødball og oppfølging.

Robin Skuseth vert lagleiar og trenar for rekruttlaget. Petter Stenslid vert målvaktstrenar og har med seg Jonas R. Dragnes.

Karl Ola Urke held fram som materialforvaltar og Njål Hoftun er ansvarleg for FIKS, sosiale medium og altmoglegmann. Arnt Kåre Johansen er sjåfør og altmoglegmann.

– Vi kjem å satse meir på det teknologiske med videoanalyse og oppfølging av både lag og enkeltspelarar. Stig er supermotivert til å jobbe ein til ein, og med førebuingar til kamp og analyse under og etter kamp.

Hovdebygda vil gjere investeringar i GPS-sporing for å få meir data på kva som skjer på bana og rundt den enkelte spelaren.

– Vi kan måle kor langt spelarane spring, kor mange spurtar dei har, touch med kvar enkelt fot og anna. Då kan vi sjå kor intensiteten ligg og kor langt vi kan pushe. Rundt målvaktene har vi no eit bra team. Dermed kan vi ta godt vare på dei vi har i troppen. Summa summarum får vi ein spennande sesong i 2025, seier Nydahl.

Hovdebygda har sikra seg Olav Vågnes Vadseth frå Langevåg, i tillegg til at Nicolai Norvoll Longva er tilbake i klubben. Det er klart at Bjørnar Holen ikkje vert med komande sesong.