Alltid eit mål å vere større
Forfatter: .
30. januar 2026
Sjølv om det er nærare ti minusgrader ute er førebuingane til komande sesong i 4. divisjon godt i gang i Hovdebygda.
– Vi kom godt i gang i starten av januar. Testane vi har gjort av kondisjon og anna ligg omtrent på same nivå som i fjor. Vi skal opp der og difor vert det litt tøffare framover. Elles har det vore ein del sjukdom som vi slit med akkurat no, men det er forbipasserande.
– Vi er styrka samanlikna med hausten i fjor. Unggutane har blitt eitt år eldre, det er kanskje det viktigaste. Bjørnar kom og banka på døra og Snorre Midttun er tilbake frå studium i England. Så satsar vi på at Kim Alvestad skal kome i slag når anklane hans blir bra. Vi har fått inn Anton Kryshtopaitis på målvaktplass frå Ørsta, og Tarjei Meek Lillenes er tilbake. Vi er vesentleg styrka samanlikna med fjoråret.
Sjølv om Hovdebygda var på nedre halvdel av tabellen i 4. divisjon i fjor vart dei det beste herrelaget i kommunen.
Arkiv:kilde mørenytt