«Heia HIL. Det er ikkje tvil - Hovdebygda det er vi». No har Hovdebygda fått ny klubblåt.
Forfatter: .
23. desember 2024
«Heia HIL. Det er ikkje tvil - Hovdebygda det er vi». No har Hovdebygda fått ny klubblåt.
Det vart eit nytt møte der innhaldet i ein potensiell Hovdebygda-song vart drøfta.
– Då sa eg at eg hadde eit forslag, men det ikkje var sikkert at dei likte det. Eg har skrive mange låtar med tekst, men det veit ikkje folk om. Dei tende på låta med ein gong.
Eit nytt vers vart skrive same kveld og seinare gjekk turen til Ørjan Liavåg for innspeling.
– Vi er opptekne av kva fotball eigentleg handlar om - verdien, identiteten og fellesskapet. For å toppe det heile samla vi eit kor med førti spelarar på klubbhuset og song. Koret består av spelarar frå dei yngste aldersbestemte laga og opp til seniorlaga.
For Stig var det naturleg at Thomas Ryste skulle ha hovudvokalen.
– Vi er trenarar i klubben begge to. Dette er ei fotballåt tvers gjennom av trenarar og kulturfolk. Den er og ulik andre fotballåtar.
No håper dei at fotballåten skal ljome over høgtalaranlegget på Hovdebygda stadion i mange år, og at den vert godt teken imot.
– Vi håper at vi har laga noko tidlaust og som er veldig lett å like. Identiteten til Hovdebygda står sterkt i låta. Det er eit bevist val. Då eg laga songen tenkte eg på cupfinalesongane til Rosenborg og Brann. Det var kanonlåtar og Hovdebygda-songen er tufta litt på verdiane til dei tradisjonelle fotballklubbane.
Hovdebygda-songen er første gong Stig Ulv og Thomas Ryste samarbeider.
– Eg har aldri samarbeida med Thomas eller Ørjan. Det var berikande og dei er heilprofesjonelle. Det er sikkert ikkje siste gongen vi samarbeider.