– Vi vann fullt fortent
Forfatter: .
08. mai 2026
– Vi vann fullt fortent
Hovdebygda held fram den sterke heimeforma i 4. divisjon. Fredag kveld vart Bergsøy slått 3–1 på Hovdebygda kunstgras, medan Ørsta gjekk på eit tungt 1–4-tap heime mot Rollon.
Etter kampen var Hovdebygda-trenar Jan Kjetil Holen svært nøgd med innsatsen.
– Vi vann fullt fortent. Vi er mykje meir på enn dei, vinn andreballar og førsteballar. Eg er stolt av gjengen, seier Holen.
Han trekte fram den gode opninga på kampen og fleire flotte scoringar.
– Vi opna vanvittig bra. Det var eit fantastisk frisparkmål frå Olaija, og så kjem Tarjei med eit vanvittig fint mål. Då dei reduserte til 2–1 datt vi litt, men så køyrde vi vidare. I andre omgang har vi kontroll, seier Holen.
Hovdebygda-trenaren meiner laget byrjar å få eit lite fort på heimebane.
– Ja, absolutt. Vi er ferdige med dei to verste bortekampane med Stordal og Rollon, så no skal vi berre dure på vidare. Det ser bra ut, seier han.
Neste kamp for dei lokale laga i 4. divisjon er 16. mai-kampen mellom Ørsta og Hovdebygda.
Kilde Mørenytt