Målfest i Hovdebygda
Forfatter: Frode Viddal
09. oktober 2023
Hovdebygda tok imot Blindheim i 4. divisjon fredag.
Og gjestane frå Ålesund sjokkstarta. Kampen var så vidt i gang før det stod 0?1 på tavla.
Men Hovdebygda brukte ikkje mange minutt på å samle seg. Ført an av ein opplagd Sander Harnes rulla Hovdebygda opp ein serie gode angrep i første omgang. Frå 28. minutt til 52. minutt skåra heimelaget tre gongar ved Bjørn Otto Holsvik, og to gongar ved Audun Lillebø.
Hovdebygda heldt fram det gode angrepsspelet etter pause. Audun Lillebø skåra etter 52 minutt, og noterte seg med det for hat-trick. Sigurd Idås auka til 5–1 etter 72 minutt, og Preben Meberg plussa på til 6–1 etter 80 minutt.
På slutten vart det gjort fleire bytte på Hovdebygda, og laget miste rytmen.
Blindheim reduserte tre gongar, men to minutt før slutt fastsette Edin Ribic sluttresultatet til 7–4.
Hovdebygdatrenar Kenneth Nydal oppsummerer kampen slik: «Vi fekk verst tenkeleg start etter 1 minutt og 20 sekund, eller noko slikt. Men utanom dei første 7–8 minutta er vi gode. Vi spelte tidvis meget god fotball, med masse angrep og tre nydelege mål, der Sander er arkitekten på to av dei. I andre omgang er vi gode heilt til vi leiar 6–1. Då bytta vi litt. Kampen vart prega av det, og det glepp litt. Men vi skårar eitt til og hadde store sjansar.»
To serierundar før slutt står Hovdebygda med 22 poeng, på 8.-plass
– Det er framleis teoretisk muleg å rykke ned for oss, men vi har mange mål å gå på. Så no kikar vi oppover. Vi har Nordborg i neste kamp. Det skal vi klare, seier Kenneth Nydahl.