[email protected]


Logo
Bli medlem
JuJitsu

Sparkar i gang futsalsesongen

Forfatter: .

18. november 2024

Fotball
Nyheiter
News article image

23.- og 24. november startar futsalsesongen i Ørstahallen med Hovdebygda IL som arrangør.

I år er det G10 og G12 som arrangerer på vegner av klubben.

– I arrangørgruppa er det 5 personar, i tillegg til at resten av foreldre frå begge lag, stiller opp med både baking og oppgåver under sjølve arrangementet. Med på dugnaden er også seniorspelarar frå både dame og herrelaget, som dommarar og sekretariat. Arrangørkomiteen vil skryte av og rette ein stor takk til alle lokale dommarar som er med å hjelper oss. Det hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan dei, heiter det i ei pressemelding frå klubben.

For Hovdebygda IL har futsal blitt ein tradisjon. Mange stiller opp for å gjennomføre arrangementet og det er stor dugnadsglede i klubben.

Njål Hoftun er arrangementsansvarleg i Hovdebygda, og ser fram til ei helg med god futsal og mange besøkande i Ørstahallen.

– Laurdag er det 28 lag i aksjon i klassene senior herre, G16, G10 og J10. Søndag stiller det 30 lag frå klassene senior kvinner, G12 og G13.

– Spesielt gledeleg er det med senior-futsal igjen med påmelde lag som gjer tenninga noko heilt ekstra. Det er også gledeleg at vi har Hovdebygda sitt kvinnelag og Hil/Mil G12 med som deltakande lag, noko som er godt for oss som arrangørklubb.