Lillenes-søskena
Forfatter: .
29. desember 2025
Meek Lillenes-søskena
Meek Lillenes-søskena Tuva, Sondre og Tarjei spelar til vanleg fotball for Hovdebygda IL.
Men under Tussacupen gjorde dei eit unntak, og samla ein gjeng hovudsakleg frå Folkestad. Den tradisjonelle turneringa, som blir spelt 2. juledag i Ørstahallen, samla i år 36 lag og hadde godt oppmøte.
Foto:Benedikte Fagerhol Vartdal
– Vi er ein kompisgjeng frå Folkestad, pluss ein ørsting og ein volding, som har trena i lag i vinter. Då var det naturleg å melde oss på. For oss søskena er dette også ein tradisjon, seier Tarjei.
Treningane har i hovudsak gått føre seg i gymsalen på Folkestad, også etter at sesongen var over.
– Vi har trena når vi har hatt høve, så det har blitt ein del økter etter sesongslutt, seier han.
Einaste dama på laget
At alle tre søskena enda opp på same lag under cupen, var eigentleg tilfeldig.
– Eg skulle eigentleg spele på eit damelag, men då vi berre var fire jenter igjen, vart vi for få. Då fekk eg heldigvis vere med på herrelaget til brørne mine, seier Tuva.
Å vere einaste dama på laget har ikkje vore noko problem.
– Det har vore berre kjekt. Så er det spesielt gøy å vere med ein så flott gjeng som er med å spele deg god, seier ho med eit smil.

Kilde - Mørenytt