Kioskansvar
Oppgåver/informasjon ved kioskansvar på A – lagskampar og miniturneringar
Først og fremst er kioskansvar dugnadsarbeid fordelt på laga. Det er både kjekt, sosialt og laget som har ansvar får 40% av inntekta til si lagskasse.
Viktig å hugse på at dette er eit samarbeid på tvers av klubbane når inntekta går til laga.
Det kjem nytt oppsett før kvar sesong kva lag som har ansvar på dei ulike A - lagskampane. Om laget ser at dei ikkje kan stille på oppsett dato må dei høyre med andre lag om dei kan stille for dei, evt bytte. Gi også beskjed til kioskansvarleg.To/tre foreldre bør stå i kiosken. Fleire når det er lokaloppgjer, då er det ofte mange tilskodarar. Kiosken skal være open gjennom heile kampen. Viktig å være ute i god tid og fordel at kiosken er klar litt før kampstart kl. 18.30.Kaffi, brus, pølse og pølsebrød, ketsjup, sennep, syltety, smør, frukt o.l er alltid klart i kiosken og ikkje nødvendig for laga å handle. Laget må sjølv lage det de vil av vaffelrøre, svelerøre, kake og ta med. Lurt å lage f eks 3 L vaffelrøre eller 2 L svelerøre. Viktig å berekne meir ved lokaloppgjer.Kasserar har pengesekken med pengeskrin (der ligg også nøkkel til bruskjøleskapet), Ipad og kortterminal. Oppgjersskjema ligg i sekken og skal fyllast ut etter kampen og leverast tilbake til Trond same dag. Nøkkel til kioskdelen av klubbhuset ligg i sekken.Oppgåver:
- Koke kaffi til kiosken.
- Koke kaffi til laga om det er ynskjeleg før kampen. Dommarane skal ha ei kanne med kaffi og kvar si brus før kampen. Dette sett de inn i dommargarderoba.
- Koke pølser og steike det som laga sjølve vil lage.
- Lage kvar sitt fat med frukt + ei sjokoladeplate til laga, og eit lite fat med frukt til dommarane. Dette får dei i pausa og settast inn i garderobene. Gjerne påfyll med kaffi til laga.
- Rydde, vaske opp og halde orden i kiosken. Koste over golvet. Ta ut bås og ha i nye sekkar. Store båsdunkar står oppom klubbhuset.
Miniturneringar:
- Kvart lag står fritt til å selge det dei vil i kiosken. Sel de av varene som er i kiosken fra før så må de bruke fastsette prisar.
- Laga får 40% av total inntekt ved kiosksalet inkludert det laga har ordna/laga sjølve. Inntekta får laget slik som ved A - lagskampane utbetalt til lagskassa.
- Om ditt lag skal arrangere miniturnering så gi tidleg beskjed til meg så eg får fylle opp kiosken.
- Kasserar har pengesekken med pengeskrin (der ligg også nøkkel til bruskjøleskapet), Ipad og kortterminal. Oppgjersskjema ligg i sekken og skal fyllast ut etter kampen og leverast tilbake til Kasserar same dag. Nøkkel til kioskdelen av klubbhuset ligg i sekken.
Om noko er uklart eller de treng hjelp så kan de kontakte meg, Caroline Rudi som er kioskansvarleg, tlf. 99159393.
| Dato | Dag | Tid | Hjemmelag | Bortelag | Turnering | Kioskansvar | |
| 2025 |











